For dei som framleis trur på papiret, vil Mellom bakkar og berg tilrå ei innbunde utgåve av Ivar Aasen-almanakken 2010. Kvar dag får du eit ord med på vegen frå «Norske Ordsprog» av Ivar Aasen. Nytt i 2010-versonen er ein faktadel om språk i Noreg og resten av verda.Det finst òg ein lausblada A-plan-variant som passar i ein Aasen-skinnperm. Og sidan det snart er jul, så er dette rett og slett ei fin gåve å gje til nokon som treng å halde styr på avtalane sine. Sjølve almanakken kostar 155,- kroner og om du treng skinnperm kostar han 300 kroner.
Det er vekeavisa Dag og Tid som sel produkta. Kjøp dei her.
No comments:
Post a Comment