Merkelappar

Avis (1) Barn (8) Brænne (1) Det som var (2) Dikt (6) Drikke (1) Drykk (1) Film (7) Firefox-tips (7) Forfattarar (2) Gratulasjonar (4) Hendingar (1) Humor (1) jul (9) Klede (5) Kulturhistorie (1) Lær norsk (8) Learn Norwegian (9) Målsak (8) Maskinvare (2) Mat (1) Mobil (1) Musikk (10) Nostalgi (6) Offentleg (2) Ordbok (1) Programvare (5) radio (1) Saft (1) Songbok (1) spel (2) Teater (1) Teikneseriar (1) The Bergen Test (1) TV (6)

Songbok

Songbok


Dette er ei utmerka songbok som m.a. inneheld «grisen står og hyler» «(Kveldssong for deg og meg) av Ragnar Hovland og Odd Nordstoga.
Kjøp «Song for deg og meg» på Bokdykk.no


Tunkatten si Songbok


Blåmann, Blåmann
Tekst
: Aasmund Olavsson Vinje, Melodi: Anne Haavie 

Blåmann, blåmann bukken min
, tenk på vesle guten din.
Bjørnen med sin lodne fell, kan deg takast seint i kveld.

Gamle Lykle, moder di, seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund' sjå liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud, kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv, grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg opp til leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god, all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg: «Han veit meir enn mata seg.»

Blåmann, Blåmann, svar meg no, mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min, må du døy frå guten din.


Byssan lull
Trad./Hartvig Kiran

Byssan lull koka vasskjelen full, på himmelen vandrar tre stjerner.
Den eine er så kvit, den andre er så raud, den tredje er månen den gule.

Byssan lull koka vasskjelen full, det sigler tre skuter på vågen.
Den første er ein bark, den andre er ein brigg, den tredje har så stormslitne segel.

Byssan lull koka vasskjelen full, på sjøkista står tre figurar.
Den første er vår tru, den andre er vår von, den tredje er kjærleiken den raude.


Fader Jakob - Panie Janie - Brother John

Norsk: Fader Jakob, Fader Jakob, søv du no, søv du no? Høyrer du 'kje lokka, høyrer du ikkje klokka? Bim bam bom. Bim bam bom.

Engelsk: Are you sleeping, Are you sleeping? Brother John? Brother John? Morning bells are ringing, Morning bells are ringing, Ding ding dong, Ding ding dong.

Polsk: Panie Janie, Panie Janie, rano wstań, rano wstań. Wszystkie dzwony biją, wszystkie dzwony biją. Bim bam bom, bim bam bom.


Fedralandet - nasjonalsalmen vår
Tekst: Elias Blix - Melodi: C.E.F. Weyse
 
Blogg: BlixBlog

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma.

Vil Gud ikkje vera byggningsmann,
Me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
Kan vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss Gud så me kan bu
I heimen med fred og hyggja.

No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd
til groren ein gong er mogen.



Grandiosa spelt


Grandiosa spelt

Baby, sjå på meg
Det er uverkeleg
Du og eg i røynda er eitt,
beste paret i verda til no har sett

Du er heit og vill
Eg lengtar alltid til
skinka di så saftig og god
med Mozarella, joohooo!

For du er min helt - SPELT
Hjartet mitt hoppar og bankar
Saman med botnen i deg - SPELT
I mine villaste tankar
Vi tafsar, grafsar uendeleg - SPELT
Vi er saman for alltid
Vi når alltid ei hamn - SPELT

Du er grandis med spelt i
Eg gløymer aldri ditt namn

NY GRANDIS …
NY GRANDIS …
NY GRANDIS …


Kveldssong for deg og meg


Kveldssong for deg og meg
Tekst: Ragnar Hovland Melodi: Odd Nordstoga

Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel).

Fir'og tjue kråker
sit på ein madrass,
Endå ei vil sitje
men det er ikkje plass.

Månen står og lyser,
rund og feit og kvit.
Reven Kjem frå skogen
og luskar hit og dit.

Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet
har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg.
Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset,
Så spring eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.


Kveldssong for elgen og eg
Tekst: Bjarte Bjørkum

Elgen står og hyler i den stille kveld.
(Han skal ikkje skytast men hyler likevel.)
Fir’ og tjue elgar hoppar på madrass.
Endå ein vil hoppe men det er ikkje plass.


Nordmannen - den eigentlege nasjonalsongen vår
Tekst: Ivar Aasen
Kjelde:
Ivar Aasen-tunet

Wikipedia om Ivar Aasen, Nordmannen og Symra

Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt.”

Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.


Hotel kaldehola (Hotel California, Eagles)
Norsk tekst: Øyvind Lægreid
Sungen av: Olav Stedje

Rå haustkveld i bygdi, eg rusla ein kveld
Skulle kanskje på vorspiel, men ikkje lyst likavel
Då kom ein type frå dalen, i ein bil som var ny
Han køyrde sakte forbi meg og sa: Hopp inn så ska du få deg ein tur
So sat eg pluts’leg i bilen, han hadde auge som glas
Me køyrde ut langs fjorden, til Vikadalen ein stad
Han svinga brått ut frå vegen og inn i ein dal
So såg han på meg med eit blodig blikk og skreik som ein gal:

Velkommen til Hotel Kaldehola
Det er her du skal bu, det er her du skal bu, det er her du skal bu
Du kjem berre ein gong til Hotel Kaldehola
No brenn’ eg di bru, no brenn’ eg di bru, det er for seint å snu

Eg sveitta og stamma, kvifor hamna eg her?
Han lo litt hånleg, og sa: Du er skapt for det livet her
Ingen sorger og smerter, berre nyt det min venn
No reise eg for å henta fleir’ so kjem eg snart igjen
Der sat eg heilt åleine, på ein stein i ein framand dal
Eg hutra litt i den kalde snoen, som tanken min stal
Eg vandra innover dalen, då såg eg lys og ein veg,
inni mørkaste fjellet, der sat ei hulder og song til meg: REF.

Ho hadde kjole av silke, og ei krone av gull
Og smilte fint til meg og sa: Dette er ikkje tull
Ho drog med meg inni fjellet, til eit draumeslott
Eg såg mykje der som eg aldri har sett, men så vart det mørkt så brått
Det neste eg hugsar var eit skilt på ei dør
Der stod det: Kjære venn, eg har sett deg så ofte før
Du har snubla og lengta etter eit liv utan sut
Du er komen til enden her, men du kjem aldri ut


Eit par barneplater

Ronja Røvardotter

Ronja Røvardotter - nedlasting (klikk på bildet)
Ronja Røvardotter på Det Norske Teatret

Jungelboka - songar frå musikalen - CD

Jungelboka på Det Norske teatret (2000)
Jungelboka på Det Norske teatret (2008)
Jungelboka på Facebook (2008)
There was an error in this gadget