
Siste: Facebook-gruppe for Brænne-brusen:
VI VIL AT BRÆNNE-FABRIKKEN SKAL "LEVE" !!!
Det blir ikkje meir produksjon av Brænne-brus i Volda. :-(
Denne hel... Rema 1000-kjeda fornya ikkje avtalen med Noregs beste brusfabrikk etter at dei tok over Lidl-butikkane i fjor haust. Det verkar rett og slett som om ein i Noreg ikkje skal ha mangfald av noko som helst, berre triste lågpriskjeder med keisame produkt.
Det er nok mest sannsynleg for seint å redde Fjellbekk, Eplerose og dei andre Brænne-brussortane no, men ein Brænnande e-post til Rema 1000 kunne kanskje vore noko …

Eplerose, Lux, Fjellbekk m.m.

Det beste mineralvatnet vert diverre historie. :-(
Kjelder:
Slutt or Volda Mineralvatn (Sunnmørsposten)
Slutt for 94 år gammel brusfabrikk (VG)
Volda Mineralvatn skrur på korken (Dagbladet)
No comments:
Post a Comment