Både Det Norske Samlaget og IvarAasen-tunet er ute med julekalendrar. Aasentunet har to, Lurivars adventskalender og Aasentunets adventskalender. Hjå Samlaget kan ein vinne flotte bokpremiar gjennom heile adventstida og Tunkatten deler ut ymse effektar frå Aasentunet og bøker frå Blåmann Barnebokklubb. Hovudpremien er ein bokpakke frå Blåmann. Elles utvidar Tunkatten songboka si med vinter- og julesongar.Ein annan morosam julekalender er Hildegunn Moltubakk og Leif Per i programmet Norgesglaset på NRK.
No comments:
Post a Comment