Sider

Nostalgi 4: BBK videospelar

Fredag 23 Mai 2005
Verdas første DVD-spelar med norske nn-NO-menyar.

OPPO/BBK sine DVD-produkt har norske menyar. Vegard Waldal -som jobbar i Datakjeden i Trondheim- har stått for omsetjinga av dei 1363 orda til norsk (nn-NO og nb-NO). Dette kan du lese meir om på DinSide Data og på Adressa.no

Hos audiophile.no kan du lese Arve Åheim sin omtale av ein av BBK/Oppo sine DVD DivX-spelarar, DV971 eller Oppo OPDV971H DVI DVD Player som han heiter i utlandet. Det finst og ein karaokevariant av spelaren.

Spelarane til Oppo (BBK) kan du kjøpe hos Datakjeden.no, som har butikkar i Bergen, Oslo, Stavanger, Stovner, Tromsø, Trondheim og Tønsberg. For å finne produkta klikkar du deg inn på ein av byane og skriv inn OPPO i produktsøk, eller klikkar på denne direktelenkja.

Oppdateringar av fastvare (firmware) og brukarmanualar m.m kan ein laste ned frå produktstøttesideneoppo.se eller frå oppodigital.com.

No comments:

Post a Comment